TAFFImagasin

TAFFI våren 2008

Kjære filminteresserte lesarskare

Dei av dykk som las det historiske TAFFI #1 allareie i 2005 har diverre måtta vente lenge i spenning på oppfølgjaren. Dette har fleire årsaker, men kjem først og fremst av at alle som er involverte jobbar frivillig med TAFFI og ikkje alltid har moglegheit til å prioritere filmtidsskriftproduksjon så ofte som vi skulle ønske. Om nokon kan tenkje seg å bidra er det dermed fint om dei tek kontakt.

Sjølv om vi var veldig nøgde med det første nummeret ville vi auke kvaliteten på artiklane ytterlegare, og vonar dette kjem til syne i TAFFI #2. I et forsøk på å inspirere gamle og nye skribentar har vi dessutan valt å gjere ei temautgåve om japansk film. Vi er medvitne om at dette kan seiast å vere eit aktuelt tema, og meiner det vil kunne vere til glede for mange. Trass at den japanske filmproduksjonen vert driven etter Hollywood-liknande prinsipp har den vore merkbart variert og innhaldsrik, noko vi har forsøkt å spegle med utvalet av artiklar i dette nummeret.

Som de kan sjå tilbyr vi framleis eit fullstendig fritt filmtidsskrift; gratis, kopierbart og utan reklame. I tillegg har vi no byrja produsere TAFFI med fri programvare. Etter å ha mista mykje av arbeidet som vart gjort på dette nummerert i et datasamanbrot nytte vi høvet til å overføre heile produksjonen til GNU/Linux. Å bygge opp tidsskriftet på nytt har naturleg nok medvirka til forseinkinga, men vi er svært glade over å kunne lage TAFFI under den samme friheita som vi sjølve forsøker å fremje og synest at det no har blitt enno betre å lese i.

Sidan starten i 2004 har TAFFI vore under stadig utvikling, noko som har vore tydelig for det aukande antalet besøkande på nettsidene våre. Nokre medarbeidarar har valt å dedikere seg til andre interesser, samstundes som vi har fått fleire nye og dyktige bidragsytarar. Sjølv har eg nett flytta til filmstaden Gøteborg og har sagt frå meg redaktøransvaret. Eg vil fortrinnsvis fortsetje å skrive fine filmartiklar for TAFFI, men for no ber eg dykk ta godt vare på vår nye redaktør, Henrik Falck Da Silva.

VedleggStørrelse
taffi_to_lavoppl.pdf3.48 MB

TAFFI hausten 2005

TAFFI hausten 2005 - lavoppl-1.png

Det har teke oss eit år frå TAFFI vart fødd på internett til vi endeleg har klart å publisere vår eiga analoge papirutgåve. Eg vonar no endeleg at filminteressen vil auke drastisk framover.