Tom underhalding
American Gangster (Ridley Scott, 2007) fortel historia om narkokongen Frank Lucas og hans veg frå botn til toppen og ned att. Filmen skvisar også plass til Richie Roberts, politimannen som greidde å få tak på den heltemodige skurken. Filmen har i det heile plass til ganske så mykje, frå utallige karakterar til tallause sidespor.
American Gangster er tre timar der ein ikkje kjeder seg eitt sekund. Men det er tre timar der ein ikkje brukar ein einaste hjernecelle.
Ridley Scott har ein CV som er få forunnt. Ved sida av å ha tidlause klassikarar som Blade Runner og Alien på papiret, så stod han også bak massive suksessar som Gladiator og Kingdom of Heaven. Trass dette, så har Scott aldri komme i nærleiken av magien han skapte med Blade Runner. Det er mange år sidan no. American Gangster er Scott sitt forsøk på å lage ein storslått episk historie om det moderne USA, og kanskje også kassere inn ein Oscar. Ein må berre håpe at Oscar-panelet held seg i skjorta, for American Gangster er ingen god film.
Norske filmkritikarar har gått amok i sitt hundeband når dei har meldt denne filmen (med eit heiderleg unntak av ei av dei skarpaste: Guri Kulås i Klassekampen). Per Haddal i Aftenposten skreiv sedvanleg langt om kva filmen innehaldt, og kom så med ikkje-argumenterande påstandar om skodespelarar og regissør. Dagbladet var nær ved å utrope verket til å vere meisterleg, sjølvsagt utan å greie å argumentere for det på noko vis. Det mest positive ein kan seie om American Gangster, er at han er ein god actionfilm på sitt beste. Scott har ein slik kontroll over det tekniske, at ein blir nagla til setet, og skodespelarane er så økonomisk plassert i bilda til Scott, at dei aldri rekk å gjere noko feil.
Men det går så altfor raskt. Ein kjem aldri inn under huda på nokon av karakterane. Dei blir karikaturar henta frå tidlegare Hollywood-produksjonar. Verst går det ut over Denzel Washington. Han nærast parodierte seg sjølv, med stort hell, i Training Day. Her speler han seg sjølv, og det er kjedeleg å sjå på. Kroppsspråket er uoriginalt, autoriteten hans er ikkje truverdig, og scenene der han skal boble av raseri blir aldri meir enn kontrollert fingerpeking og heving av stemma.
Russel Crowe greier å få fram mykje meir med sin karakter. Han har ein kroppsmasse og eit ansikt bak rørslene sine som får ein til å bli nervøs kvar gong han kjem gåande. Dessverre får han, som alle andre menneskelege skapningar i filmen, ikkje noko særleg å spele på. Scenene som kunne ha fortalt oss noko om psykologien og moralen til karakterane, er ikkje til stades. I staden er manuset fylt opp med eit handlingsdriv som riv bort grunnen under filmen. Eit kompleks er at det er Josh Brolin sin rolle som tener mest på dette, da figuren hans er så gjennomsyra vond og heslig, at han i det minste vekker kjensler hos publikum.
American Gangster er skuffande. Mest kjem dette til synet i at regissør Scott aldri stolar på tilskodaren sin. Han forklarar for mykje med kamerat sitt, det blir ikkje noko igjen å stusse over. Lucas blir framstilt som ein slags helt i filmen, men i motsetnad til Brian De Palma sitt vågestykke i sin framstilling av Tony Montana i Scarface, så vel Scott å moralisere over Lucas sin bedrift. Nokre fæle foto av overdoseoffer og gråtande barn skal få oss til å skjønne kor amoralsk dopindustrien var og er. Men når ikkje filmen greier å få fram dette gjennom historia si, så blir det dobbelt opp å komme med det så direkte. Sjølvsagt var det Lucas gjort heilt forkasteleg, og dermed enda merkelegare at han vart sluppen fri allereie i 1981 (prøv å sjå rettferda i det når ein samanliknar det med skjebnen til Depp sin karakter i Blow). Men det er ingenting ved filmen får fram dette.
Det einaste Ridley Scott gjer her, er å underhalde. Med eit slikt materiale, og med slike skodespelarar, er ikkje det nok.



Skriv ny kommentar