Meisterleg kunst – Gullpalmevinnaren frå Cannes

filmkritikk

4 måneder, 3 veker og 2 dager (Cristian Mungiu, 2007) er årets Gullpalmevinner frå Cannes. Det var ein sensasjon da filmen vann framfor favorittar som No Country For Old Men og andre storproduksjonar. Filmen kosta mindre enn eit gjennomsnittleg norsk prosjekt, og er økonomisk i formen. Men sjeldan har ein så sterk og komplett historie funne vegen til kinolerretet.

Romania var på åtti-talet noko av det verste Den kalde krigen og Sovjet greide å framskaffe. 4 måneder, 3 veker og 2 dagar teiknar eit bilde av eit samfunn som for ein generasjon født etter murens fall kanskje framstår som futuristisk. Det er nærast mennesketomt og forlatt, og fiendskapen ligg utanpå alle. I dette Romania var det strengt forbode med abort. Filmen føl to jenter som prøver å få i stand ein ulovleg abort. Det høyrest grusomt ut. Det er verre.

| Bilde 1 av 4 |
I midten: Anamaria Marinca som Otilia

Mungiu framstår som ein novelleforfattar som ikkje har eitt overflødig ord i fortellinga si. Frå det første skjelvande bildet av to gullfiskar som stangar i eit firkanta akvarium, til den siste, avsluttande scena som stoppar så brått at ein sitt igjen med pusten i halsen, så har regissøren knapt latt filmen sin skli ut eit sekund. Med to skodespelarar som får fram frykt og byrgskap, vennskap og umenneskeleggjering utan store fakter, greier Mungiu å fortelje ei historie som er så hjartegripande at ho må vere sann.

Ein kan godt sjå filmen som eit innlegg i abortdebatten. Det kunne både fastlåste Ap-politikere og konservative kristne-folk ha godt av. For filmen får fram at heile spørsmålet er særs vanskeleg, og det kan ikkje feiast under teppet med eit strengt lovforbod like lite som blankofullmakt til å ta abort for alle. Men Mungiu har lagd ein film som er så mykje, mykje meir enn berre eit debattinnlegg. Han har laga eit storarta kunstverk.

Skildringa av dei to jentene og det dei går gjennom, av samfunnet rundt dei og korleis menneska har blitt forma av det: Det er hjerteskjerande. Ikkje sidan Reqiuem for a Dream (Darren Aronofsky, 2000) har ein sett ein betre årsak til å gå ut av ein kinosal før filmen er ferdig. For kor mykje skal ein utsette seg for i ein kinosal? Mungiu går langt i skildringa si, og akkurat når ein trur han skal stoppe, så lar han kameraet synke nokre centimeter, og viser det ein ikkje verken ønskjer eller har behov for å sjå. Det kjem til å støte mange. Og bra er det. Ein god provokasjon skal kjennast i magen. Denne filmen sitt meisterstykke, er at sjølv det mest provoserande går hand i hand med det kunstnarlege.

Trass det lave budsjettet for filmen, så merker ein ikkje til innsparingar. Filmen sin form er utnytta til det maksimale, og det kjem spesielt fram i nattscena i siste delen av filmen. Her er lyd, klipping, nærbilde og lys satt saman på ein meget effektfull måte. Spenninga bit seg fast i ein, og blir først forløst inne på ein finare restaurant. Men også der kjem nerven opp til overflata igjen, før han blir kutta brutalt over.

Det er vanskeleg å finne noko som manglar eller noko som skurrar i 4 måneder, 3 veker og 2 dager. Kanskje er lege-karakteren noko karikert, kanskje er dumskapen til eine hovudpersonen noko overdrive. Men det er småplukk. Dette er tett opp til eit meisterverk.

Foto: 
Mobra Films - Adi Padureto/Arthaus

Skriv ny kommentar

Innholdet i dette feltet blir holdt privat og vil ikke bli vist offentlig.
Anti-spam: Gjengi bokstavene du ser i bildet.