Inn i mennesket – og ut igjen

filmkritikk

Sean Penn forteller med filmen Into the Wild (Sean Penn, 2007) historien om Christopher J. McCandless, ein ung gut frå USA som på starten av nitti-talet braut vekk frå familien og utdanninga si. McCandless drog seg vekk frå samfunnet, og inn i naturen. Into the Wild føl ferda hans fram til ho ender i villmarka i Alaska.

Sean Penn har hatt eit sterkt engasjement for dette prosjektet, han brukte ti år på å overtale mor og far til McCandless for å få tillating til ei filmatisering. Penn si sterke emosjonelle tilknytning til historia ligg som eit tjukt lag på filmen. Tidvis er det ei styrke, tidvis er det ein svakleik.

| Bilde 1 av 4 |
Emile Hirsch har rollen som Christopher McCandless.

Into the Wild er ei vakker historie i formen. Foto er tidvis blendande vakkert, balanserande på kanten til klisjeane i sine naturmotiv. Penn si vektlegging på hurtige sekvenser, med ei tydeleg tilstedeverande kamerføring gir mykje liv til ei historie som raskt kunne blitt statisk. Men Penn frigjer slik også karakterane i filmen, slik at det ikkje lenger er karakterane som nødvendigvis er drivkrafta, men omgivnadane. Det er som om fjella, horisonten, havet, togskinnene, kornengene og bygatane driv handlinga framover.

Samtidig er det dette som hemmar Into the Wild. Filmen greier aldri å gi eit truverdig bilde av hovudkarakteren sin, McCandless. Han blir nærast ein karikatur som vandrar omkring og gapar av seg litterære utsagn som er altfor store til den unge kroppen. Det verker som Penn innser dette når han framstiller kollisjonen mellom den romantiske naiviteten og verda si harde røynd, i slutten av filmen. Men akkurat her, i den siste scena som fangar inn hovudpersonene, så tyr Penn igjen til ein pompøs litterær stil som blir flat. Penn gjer det for lett for seg sjølv, og dermed gjer han det for lett for tilskodaren. Hovudkarakteren i filmen blir ikkje til å tru på, eller enda verre: Han blir uinteressant.

Det er synd, for Into the Wild har sider ved seg som både er interessante og gode. Penn meistrar samansyinga av fortid og notid i filmen, og lanseringa av fleire fortellarstemmer. Scenane frå Los Angeles er også sterke, der hovudkarakteren snublar omkring i sivilisasjonen som eit skadeskotent dyr. Nokre av bi-karakterane er også særs gode, da spesielt Vince Vaughn. Han er den einaste i filmen som ikkje lirer av seg noko som kunne vere tatt ut av ei Cohelo-bok.

For å halde tak i scena frå Los Angeles, som representerar eit psykologisk vendepunkt i filmen, så representerar denne korte sekvensen noko av det mest problematiske med Penn sitt prosjekt. I det han skildrar McCandless si flukt frå byen og ut i øydemarka igjen, så blir jo alle dei andre skjebnane igjen der inne i fattigdommen sin. Og det er eit paradoks at McCandless heile tida har desse moglegheitane. Han kjem frå øvre middelklasse, med sterk økonomisk bakgrunn. Det sett han i eit annerleis lys, og det gjer at både byscena, men også alle trådane tilbake til barndommen og oppveksten med familien, peiker på ein psykologisering av motiva hans. Den overordna ramma som filmen startar med, som gjer filmen interessant; flukta frå eit moderne samfunn som et seg sjølv og sine. Denne ramma blir bytta ut med ei skildring av ein liten gut som innerst inne berre vil vere i eit fellesskap der alle er gode mot kvarandre. Kor naivt er ikkje det?

Det er her Into the Wild snublar. Filmen er på full veg inn i mennesket, men farta er så stor at han endar opp på utsida igjen.

Foto: 
United International Pictures

Skriv ny kommentar

Innholdet i dette feltet blir holdt privat og vil ikke bli vist offentlig.
Anti-spam: Gjengi bokstavene du ser i bildet.