Eit øydelagt amerikansk landskap
Her er årets store Oscar-favoritt: Cohen-brødrene sin tilbakevending til det stille, valdsame landskapet dei skapte med Fargo. No Country For Old Men fortel historia om Moss Llewelyn som finn ein haug med lik og ein koffert med pengar. Han plukkar opp kofferten, og blir jaga av både sheriff Bell og leiemordaren Chigurh.
Historia er i utgangspunktet ikkje original, men Cormac McCarthy si bok har så mange uventa vendingar og så gode forteljarstemmar, at filmatiseringa har blitt ein fryd. I dette tilfellet må ein kunne seie at filmen er betre enn boka, da Cohen-brødrene greier å føye til ein svart humor som ikkje var synleg i bokform. Det løftar det heile.
Cohen-brødrene sin produksjon er særs ujamn; form sloss ofte med innhald. Med No Country For Old Men har dei treft blink. Sheriff Bell si forteljarstemme blir akkompagnert av eit audsleg landskap, Moss si desperate flukt er ramma inn i ei uvennleg verd, og Chigurh sine døydelege handlingar går i eitt med den kjølege jobben kameraet gjer. Det er sjeldan ein ser noko så gjennomarbeid som dette. Filmen mistar ikkje taket ein einaste gong. Den einaste forstyrringa blir Woody Harrelson sin karakter, han er stiv og blir teikna for humoristisk til at ein verkeleg trur på han. Her burde castinga eller skodespelarinstruksjonen vore annleis.
Tommy Lee Jones og Javier Bardem gjer begge eit godt stykke arbeid. Lee Jones blir betre og betre med alderen, trass for at rollane hans blir meir og meir lik. Ingen kan stire til sida for kamera på den måten Lee Jones gjer. Bardem, på andre sida, har rolleval som sprikar i alle retningar. Den skremmande galskapen i Chigurh sin logikk, blir løfta fram av uventa smil og kjølige blikk. Kroppspråket til Bardem er også ein studie verd, han nærast vraltar av garde som ein zombie.
Ein må også nemne Josh Brolin, for No Country For Old Men er ein skodespelars film. Her er alle karakterane som amerikansk kultur elskar å fortelje om. Brolin er på veg mot stjernehimmelen, og dette er hans absolutte gjennombrot. Han held tilbake gjennom heile filmen, og forsvinn ut med sitt første smil.
Men filmen si største styrke er alvoret og desperasjonen som ligg under heile historia. Dei tre hovudkarakterane sine univers blir sjeldan kryssa, og slik er dei sentrale skodespelarane separert frå kvarandre heile filmen gjennom. Moss er den vesle mannen som prøvar lukka, amerikanaren som får ein sjanse til å klatre til topps. Sjølvsagt er det ingen sjanse, men eit botnlaust djup han ramlar over. Chigurh er det nye mennesket, ein slags Leviathan som har vekse fram i ei nihilistisk verd der alle verdiane kan bli knust. Medan sheriff Bell er den siste voktaren, mannen som skal overlevere verda til generasjonane som kjem.
Alt brakar saman i filmen sin slutt, som er ein sterk kunstnarleg triumf. Ein kan spørje seg om Chigurh verkeleg blir vippa av pinnen inne i trailervogna. Og ein kan spørje seg om sheriff Bell finn håp i det siste. Slike spørsmål blir ståande. Det er filmens klare styrke, og greier slik å forsvare det valdelege og nærast uforståelege universet ein har vore gjennom.



Skriv ny kommentar