Ein openbaring – spydspissen av amerikansk film

there_will_be_blood_7.jpg

Heltane har altså endra seg frå å vere ein redningsmann til å bli eit vonde i den verda dei opererar i.

Det går ein straum prega av avmakt, knuste illusjonar og forakt gjennom Hollywood for tida. Ein må tilbake til slutten av 70-talet for å finne noko liknande frå den amerikanske vestkysten. Da nådde Nixon sine herjingar heilt inn til underhaldningsindustrien sitt tempel.

I dag ser det ut til at Irak-krigen og Bush-administrasjonen, avdekkinga av korrupsjonsskandalar og amerikanske gutar i kister sendt frå andre sida av havet, verker inn på filmane frå Hollywood. Det er vanskeleg å forstå kunstnarlege triumfar som No Country for Old Men (Coen & Coen, 2007) og There Will Be Blood (Paul Thomas Anderson, 2007) utan å ta med dette bakteppet.

| Bilde 1 av 4 |
Daniel Day Lewis som Daniel Plainview

Guri Kulås, Klassekampen sin eminente filmkritikar, trekk fram eit aspekt i denne trenden som gjer seg gjeldane i dei to nemnte filmane. Ho skriv om korleis den klassiske helten frå westernfilmane no er i oppløysing:

(…) westernsjangeren dyrkar (…) den maskuline erobraren. Mannen som gjennom handling set gjennom sin moral og si lov. Men i dei western(inspirerte)filmane frå 2007 er ikkje dei som tek seg til rettes heltar. Desse handlingas menn er snarare eit trugsmål. Ikkje berre mot andre, men mot sjølve samfunnet og humaniteten.

Heltane har altså endra seg frå å vere ein redningsmann til å bli eit vonde i den verda dei opererar i. Ja kanskje verre, for som Kulås skriv:

Individualisten og erobraren finst enno, men han har ikkje noko positivt å tilby.

I denne trenden har Hollywood på mange måtar reist seg som ein leverandør av dei store filmane. Men da må ein endre på omgrepet store filmar. Det grandiose er der framleis, men det er ikkje lovnadane om ei ny verd eller om menneskeslekta sin godskap som står i sentrum. Det nye svarte holet filmane spinn seg omkring no er all øydelegginga, alt det destruktive i ei slekt alle trudde hadde nådd toppen av utviklingskurva.

Og fram frå denne dævelskapen kjem det filmar mange hadde slutta å tru skulle komme frå dei Nord-amerikanske slettene.

At det nett skulle bli Paul Thomas Andersson som skulle slå til med eit meisterverk, er noko overraskande. Han har vore ein ambisiøs herremann frå starten av, ein regissør som har skilt seg ut både ved form og innhald, og ved evnene til å overtale produsentar og filmselskap til å bli med på turen. Før har Andersson sine filmar vore ujamne. There Will Be Blood er stringent og fullendt.

Filmen snurrar seg rundt oljemagnaten Daniel Plainview og hans kamp mot alt og alle. Det er ei historie om ambisjonar, draumar, skjebnekamp og fortaping. Det verker noko overvektig, men slik Andersson skildrar den siste temminga av det nordamerikanske kontinentet, blir det hårreisande sterk.

For filmen handlar essensielt om framveksten av det moderne USA. Her er ikkje menneske lenger eventyrlystne eller uskuldsreine. Dei er fattige og underkasta, rike og skruppellause. Dei drep og stel, og løgna har for lengst blitt viktigare enn det det å halde ord. Det får ein til å tenke på overgangen mellom Homers Illiaden og Odyseen: Karakterane er ikkje lenger heltar, dei er meir overlevarar, dei tilpassar seg og vinn fram. Det einaste som står att urørt i det goldne landskapet Andersson skildrar, er det som er under jorda. Men også det blir røska opp. Og det som kjem fram, er svart som natta.

Daniel Day-Lewis si rolletolking er monstrøs. Han greier å bere eit heilt menneske i skodespelet sitt, frå det såre til det grusamme. Det er opprivande å sjå skiftinga i han, korleis Plainview heile tida vekslar, til han til slutt gir seg over. I scena kor han går frå toget der guten hans sit, er både skodespelar og regissør særs subtil i framstillinga av karakteren sine kjensler.

Også Paul Dano fortener ros for rolla si som den nyreligiøse og unge presten Eli Sunday (namna er på grensa til det overtydelege). Han tonar ned karakteren sin, og får slik betre fram kjenslene som ligg og trykker under overflata. Det kan ikkje vere lett å stå ved sida av Day-Lewis, verken på settet eller på lerretet, men Dano står på sitt, og verker merkeleg ukueleg.

Konflikten mellom Plainview og Sunday er ein tematisk tråd som held seg gjennom heile filmen, heilt inn til den grusamme finalen. Kampen mellom desse personane og deira livssyn, blir skildrande for ei hard, verdsleg kapitalmakt på eine sida, opp i mot ein konservativ, kristen lekrøyrsle på andre sida. Når Plainview stig opp frå grunnen i starten av filmen, og endar opp i villaen sin i slutten, er han framleis nærast krypande på alle fire. Og slutten av filmen endar som starten, nede under jorda. Her kjem monstra fram, både Sunday og Plainview står ribba att, utan anna enn evna til å overleve i ei verd dei sjølv har vore med på å skape. Og når Plainview til slutt ropar «I am the third revelation!», da er alt håp ute. Kapitalen, det menneskeskapte, det syndige mennesket i kjøt og blod, har erobra alt, det er ingenting tilbake.

There Will Be Blood slår underteikna som ein smeltedigel mellom klassisk filmkunst frå 70-talet, og moderne nybrotstenking. Andersson vekslar effektivt mellom nærbilde og avstandstagning, og han brukar kameraet på ein måte som kanskje kan gjeninnføre meir episke scener i samtidsfilmen. Trolldommen til Andersson, og dette skal ein ikkje fnyse av, er at han greier å foreine det djupt kunstnarlege med den meir kommersielle straumen som renn gjennom Hollywood. Der ein Scorcese verker opphengt i vald, hurtigklipping og teatralske figurar, står Andersson fram som ein regissør som både tør og maktar å male på eit stort lerret både med kamera og undertekst.

Skal du berre sjå ein film i ditt liv, kan du godt halde deg til There Will Be Blood. Det gir deg kanskje ikkje noko særleg tru på mennesket, men det gir deg tru på kunsten og på filmmediet.

Kilder:

  • Klassekampen
Foto: 
Buena Vista International

Skriv ny kommentar

Innholdet i dette feltet blir holdt privat og vil ikke bli vist offentlig.
  • Automatisk linjeskift
  • Allowed HTML tags: <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd> <h4> <h5> <blockquote>
  • Web page addresses and e-mail addresses turn into links automatically. (Better URL filter.)
  • Internettadresser og e-postadresser konverteres til lenker automatisk
Anti-spam: Gjengi bokstavene du ser i bildet.